Fleire ressurspersonar har vore med i arbeidet sidan det starta opp som ein ide i 1990, og i 1994 vart dette konkretisert som eit prosjekt med ei styringsgruppe samansett av Agnar Kragseth, leiar, Eli Førde Aarskog, nestleiar, Oddleiv Hauge, Liv Stokkenes Jacobsen, Kristen Hundeide, (fast vara Kjell Nøstdal) og Ørjan Haugland.

Sagastad skal ved hjelp av topp moderne teknologi og moderne presentasjonsformer fortelje om og belyse endringane i busetnadsmønster og maktsentra i Nordfjord. Det skal belyse korleis levesett, verdisetjing, handel og teknisk utvikling har påverka denne utviklinga. Sagastad skal presentere ei utruleg spennande lokalhistorie som så langt har fått liten eller ingen fokus.

Startfasen
Ideen var først å bygge eit senter som skulle presentere funna frå garden Myklebust i Nordfjordeid sentrum. For tusen år sidan vart ein stor høvding gravlagd i eit 25 meter langt krigsskip her. Haugen med skipsgrava er framleis godt synleg i kulturlandskapet, og den blir kalla Rundehogjen. Nokre av dei mest spennande vikingfunna i landet er gjorde her. Mange hevdar at funna er mellom dei mest interessante i heile norden, og dei syner at staden må ha vore eit regionalt handels- og maktsenter. Opphaveleg var det fem større og mindre gravhaugar på Myklebust. Gravfunna omfattar både kvinnegraver og mannsgraver, og utgravingar i 1874 og 1902 avslørte rike funn med båtar, eit liturgisk hengekar/bronsebolle (truleg frå Irland), og restane av ei påfuglfjøyr (frå Asia). Dette vitna om rike slekter og mest truleg kongeætt.

Garden myklebust ligg midt i sentrum og vert driven som gard også i dag, over 1000 år seinare. Funna frå Myklebust er samla i Historisk Museum i Bergen, og berre ei enkel informasjonstavle ved haugane fortel om denne forvitnelege fortida.

Fagleg eksperthjelp
Ideen om dette senteret var lufta for fagpersonar som Berit Gjerland i Sogn og Fjordane Fylkeskommune og dr. Bente Magnus, tidlegare direktør ved Universitetsmuseet i Bergen. Begge meinte at ideen om Sagastad måtte grundig gjennomarbeidast, og dei kom fram til at ein burde presentere ikkje berre Myklebustfunna frå Nordfjordeid, men heile Nordfjord si utvikling - frå steinalder til kristning. Den faglege referansegruppa som har jobba vidare med dette vart forutan desse to, Alf Tore Hommedal NIKO og arkeolog Kari Charlotte Larsen. Det er deira tilrådingar som no dannar grunnen for det historiske innhaldet i senteret.

Funn frå heile Nordfjord saman med dei som er gjordepå garden Myklebust, vil dokumentere denn historiske tidsbolken og gje oss eit grunnlag for å gjere våre eigne tolkingar med omsyn til korleis menneska levde. Kva verdiar hadde dei? Kva status hadde menn, kvinner, unge og gamle? Korleis har Nordfjordingar opp gjennom historia løyst ulike daglegdagse oppgåver?

Presentasjonen
Arkeologane har vist vegen for ei sterk og dramatisk reise i tid og rom basert på arkeologiske funn frå Hornelen via Gloppen og Innvik, Stryn, Hornindalsvatnet, Nordfjordeid, Stårheim og tilbake til kysten og klosteret i Selje.

Historia om Firdafylket, om kulturlandskap og endringane i levesett, handel og kommunikasjonar, samt dei særeigne arkeologiske funna i Nordfjord, grunnsteinen i senteret. Realistiske presentasjonar av ulike situasjonar frå denne tida vil gje oss unik kunnskap om forfedrene våre.

Europeisk samanheng
Styringsgruppa presenterte planane om Sagastad for ei rekkje arkeologar, historikarar, kommunar og reiselivsarbeidarar på eit seminar i Haugesund i 1997. Tema for seminaret var mulig samarbeid mellom senter ala Sagastad i Norge. Ein ønskjer å kople prosjekt i Norge mot ei europeisk reiserute under namnet North Sea Viking Legacy. Sagasted blei godt motteke i dette miljøet.

Sluttresultatet før teikning
Styringsgruppa har brukt 4 år på å uarbeide det konseptet som no ligg føre. Innhald og produkt, plassering og økonomi er gjennomarbeida og drøfta med fagmiljø lokalt og sentralt. Gruppa har snudd kvar ein stein i denne prosessen og kome fram til eit resultat som er realistisk og som let seg gjennomføre. No skal prosjektet inn i fasen der ein vil kunne teste ut vilje til gjennomføring. Ein kan slå fast at det framleis vil krevjast mykje arbeid og tillit før Sagastad er ein realitet for folket i Nordfjord.